Årets Herdla-tur gjekk helga 11. - 12. januar, denne gongen med 14 spelarar. Det blei eit på alle måtar vellukka opphald med god stemning, mykje god bridge og ikkje minst framifrå mat.
Vi spelte tre turneringar. Starta med lag-turnering om laurdagen. Denne gjekk fram til middag, og etter middagen spelte vi single.
Søndagen avslutta vi Herdla-opphaldet med par-turnering.
Resultat frå Herdla.
Lag; Vunne av Torhild Rasmussen, Anne Merete Heggland, Leif Juvik, Gerd Nøttveit, Elisabeth Over og Wenche Nyborg.
Single; Vinnar Elisabeth Over, nummer 2 Leif Juvik, og delt tredjeplass mellom Inger Marie Johansen og Torhild Rasmussen.
Par; Vinnar Inger Marie Johansen – Vilhelm Berge. Nummer 2 Aase og Ivar Tønnesen og tredjeplass til Elisabeth Over – Wenche Nyborg.
Vi satsar på ny tur neste år. Vel møtt då. Bilete frå Herdla-turen under.
Frå lagturneringa. Ved bordet nærast sit Linda Rasmussen (med ryggen til), Ivar Tønnesen, Kate, og Aase Tønnessen.