Årets «Bridge i Havgapet» gjekk av stabelen laurdag 6. mai med Austevoll bridgeklubb som arrangør. 23 par hadde funne vegen til Austevollhallen denne praktfulle mailaurdagen. Turneringa gjekk over 16 rundar à 3 spel med Oddmund Midtbø som turneringsleiar.
Ein god del spelarar frå klubben hadde teke turen, og to av para nådde i premie. Beste par frå klubben blei Joleiv Midttveit - Leif Juvik med andreplass, og tett bak på tredje kom Bjørn Hauge - Frode Dyrstad. Suverene vinnarar av turneringa blei Finn Fyllingslid - Erik Eriksen frå Åsane Bridgeklubb.
Sigerspallen Havgapet 2017. Frå vesntre: Leif Juvik, Joleiv Midttveit, Erik Eriksen, Finn Fyllingslid og Bjørn Hauge. Frode Dyrstad hadde sprunge for å nå ei ferje då biletet blei teke. Foto: Rune Fagerbakke, Austevoll BK.
Neste større turnering på desse kantar no er «Maibridgen» som går på Rubbestadneset Kr. Himmelfartsdag; torsdag 25. mai. Vi reknar med god deltaking frå klubben også der. Her er link for info og påmelding til turneringa.