Spelinga måndag 15. september blei vunne med knapp margin av Frode Dyrstad og Dag Christensen. 67,9 % score på dei, medan Bjørn og Tor Anders Hauge på andreplass stoppa på 66,1 %. Dei kan i alle fall trøysta seg med at trekningspremien som var sett opp denne gongen gjekk til paret på andreplass, så det blei vin med heim til begge. Tredjeplassen gjekk til Kåre Kristiansen og Unni Skreslett.
Neste måndag; 22. september går sesongens første simultanturnering. Samanlagt førstepremie (på landsbasis) er reise og opphald til vinnaren + makker til neste sommars EM i Tromsø, så det gjeld å koma godt igang.
Turen til Herdla har no ti påmeldte. Det er plass til ca 20, så ikkje ver for sein med påmelding til Anne Merete. Hugs å reklamer for lynkursa våre i haust. Sjå sak under. Vår eiga juleturnering, som i år går søndag 28. desember er no oppretta. Link til den her.