Thea Hauge og det norske jentelaget vann gull i nordisk junior lag som blei spelt i Danmark 4. - 6. april. Grunnlaget for sigeren blei lagt søndag kveld då dei norske jenten vann heile 19-1 (VP) over dei danske jentene. Dette gjorde at før dei 14 siste spela som blei spelt måndag føremiddag hadde dei norske jentene 15 IMP forsprang. Dette forspranget gav jentene aldri frå seg, og auka like godt med 11 IMP til. Thea er dermed den første spelaren frå Os BK med ein internasjonal tittel. Gratulerer til heile laget!
Ein av kampane til det norske jentelaget blei BBO-overført. Det var kampen mot det norske U-16 laget. Thea spelte kampen med Katarina Ekren, og kampen kan du sjå her