Overskrifta kunne vore namnet på eit advokatfirma, men gjeld resultata frå simultanturneringa vi spelte måndag 16. mars. Før siste runde leia Tor Anders Hauge - Reidar Dale med eit poeng på Thea og Bjørn Hauge. Dei to para møttes i siste runde, og det var klart at paret som stakk av med plussen på sisterunden ville vinna kvelden. Men når det blei uavgjort 0-0, blei det som det var, Tor Anders og Reidar vann kvelden med eit poeng meir enn Thea og Bjørn. Delt tredjeplass denne gongen mellom Elisabeth Over - Wenche Nyborg og Anne Merete Heggland - Torhild Rasmussen.