Spelinga måndag 14. desember blei vunne av Inger Marie Johansen og Vilhelm Berge. Dei kjempa om sigeren saman med Bjørn Hauge og Frode Dyrstad. Para møttest i siste runde og der gjekk mesteparten av poenga til Inger Marie og Vilhelm som dermed vann kvelden med 65,6 % score. Bjørn og Frode hamna på 64,0 %. Tredjeplassen gjekk til Kåre Kristiansen - Olav Monstad med 58,8 %.