Det blei tett mellom dei to beste para måndag 31. august, men til slutt var det Inger Marie Johansen og Vilhelm Berge som stod på toppen av lista med 62,5% score. Reidar Dale og Tor Anders Hauge blei nummer to med 61,1 %, og nummer tre blei Anne Merete Heggland - Torhild Rasmussen med 57,6 %.
Første utgåve av «Bridge med Bjørn» blei og arrangert denne gongen. Tema var overføringar etter grand-opning og blei ein stor suksess. Ca 10 spelarar stilte ein halvtime før spelinga for å få kurset med seg. Neste utgåve av «Bridge med Bjørn» går om ca. ein månad. Info kjem når det nærmar seg.
Neste måndag; 7. september går sesongens første simultanturnering.