Jim Høyland - Sigurd Østerbøvik til topps i juleturneringa
Årets utgåve av juleturneringa blei spelt i Kløvertun (Sanitetshuset) laurdag 30. desember. Heile 35 par stilte til start og etter ei nervepirrande avslutning blei det til slutt siger til Jim Høyland Sigurd Østerbøvik, med Tor og Christian Bakke på andreplass og Bjarte Midttveit - Finn Fyllingslid på tredjeplass. Jim Høyland vann forøvrig også fjorårets turnering, då saman med Sven Olai Høyland.
Os og Fusaposten laga og sak på turneringa. Saka ligg i skrivande stund som toppsak på nettsida. Den kan lesast her, men sidan tankesport er hot-stuff for tida ligg ho bak betalingsmur.
Tusen takk til alle som deltok for ei fin turnering, og velkommen tilbake til ny juleturnering på Os om eit års tid. Under følgjer nokre bilete frå årets turnering,
Jim Høyland og Sigurd Østerbøvik vann årets juleturnering. Her frå runden dei spelte mot Trond Hantveit (t.v) og Anders Dale
Stilig med bridgebord over heile salen. Gunnveig Wetteland var ein av dei som var tidleg på plass.Takk til Austevoll BK for lånet og god hjelp.
Livet er kort.
Beste ospar i år blei Carl-Otto Curran og Reidar Dale på ein flott 6. plass