Jim og Sven-Olai Høyland suverene vinnarar av juleturneringa
Det er vel to ting ein kan klaga over ved årets juleturnering som blei spelt i Nore Neset aktivitetshus måndag 26. desember. Det eine er veret som var ganske heftig. Urd er ikkje å spøka med. Vi håper det går greit å koma seg heim for alle som deltok, spesielt dei som er avhengig av ferge.
Det andre å klaga på var spenninga i turneringa. Denne gongen varte ikkje den lenge. Sven-Olai Høyland og Jim Høyland fekk ganske fort ei stor leiing, og etter det var det aldri spørsmål om kor sigeren skulle gå. Kampen om andreplassen blei imidlertid jamn, og den blei til slutt vunnen av Christian Bakke og Bjørn Olav Ekren, hårfint framfor Ann-Mari Mirkovic - Ole Kvamme. Alle dei tre første para på resultatlista representerte Bergen Akademiske BK. Beste ospar blei Tor Anders Hauge - Anders Johansson på fjerdeplass.
Her er bilete av vinnarparet; Sven-Olai til vestre. Fleire bilete frå turneringa kjem på Facebook-sida vår når vi får sortert og behandla. Skulle nokon ha eit fint spel å fortelja om ville det vera fint å få høyra om.