Spelinga måndag 9. mai blei vunne av Jørn Rekkum - Joleiv Midttveit med 66,7 % score. Anders Johansson - Tor Anders Hauge blei nummer to med 61,8 %, og tredjeplassen blei delt mellom Thea Hauge - Stig Gamlemshaug og Ole Årland - Laila Årland, begge med 54,0 %.
Neste måndag; 16. mai, er 2. pinsedag og ingen speling. Deretter speler vi to måndagar til før vi tek sommarferie. Siste spelekveld før sommaren; måndag 30. mai, blir det årsmøte i forkant av spelinga. Saker ein ynskjer opp på møtet må sendast/leverast Anne Merete seinast måndag 23. mai.