Andre kveld av klubbmeisterskapet for par blei spelt måndag 8. februar, og det blei siger til Jørn Rekkum og Joleiv Midttveit med 60,7 % score. Ole og Laila Årland blei nummer to med 58,3 %, og tredjeplassen gjekk til Per Skotheim - Kåre Solibakke med 55,7 %.
Samanlagt etter to av tre spelekveldar er det tett i toppen, og minst 5 par kan gå av med sigeren. Ole og Laila Årland er i leiing med 116,3 poeng. På andre ligg Kåre Solibakke - Per Skotheim med 113,2 og Joleiv Midttveit - Jørn Rekkum på tredje med 112,8