Første spelekveld i 2016 blei spelt måndag 11. januar, og det blei siger til Jørn Rekkum og Joleiv Midttveit denne gongen med 65,8 % score. Andreplassen gjekk til Reidar Fosse - Gunnar Holm med 62,5 %, og tredje til Bjørn Hauge - Frode Dyrstad med 55,0 %.
Vi speler kvar måndag fram til påske no. Det blir vanleg speling neste måndag, og simultanturnering måndagen deretter.
Hugs to ting: Dei som ikkje har betalt kontigent må passa på å få gjort det; enten til Linda på ein spelekveld, eller til konto 3631.50.30867. Det andre å hugsa er å gjera kjent ungdomskurset vårt som går helga 27. - 28. februar. Vi satser på å få laga til eit godt opplegg der.