Kåre Solibakke - Per Skotheim vann klubbmeisterskapet
Siste spelekveld av årets klubbmeisterskap blei spelt måndag 15. februar. Etter to kveldar var det tett i toppen og mange vinnarkandidatar. Kåre Solibakke og Per Skotheim var ein av kandidatane, og med kveldssiger gjekk dei heilt til topps i samandraget med relativt god margin til Kåre Kristiansen - Olav Monstad på andreplass. Tor Anders Hauge blei nummer tre samanlagt.