Det var spel mot eit mål då vårsesongen blei avslutta måndag 27. mai. Kåre Aasen - Joleiv Midttveit oppnådde + 121,3 (IMP over feltet), medan Tor Anders Hauge - Dag Christensen blei nummer to med + 37. Tredje gjekk til Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum med -1,3.
Då blir det pause i klubbspelinga fram til medio august. Men for dei som vil spela i sommar er det nok av moglegheiter; sommarbridge i Åsane kvar tysdag, Storefjellfestivalen i pinsen, Marit Sveaas 5. - 7. juli og Norsk Bridgefestival 2. - 10. august for å nemna noko.