Måndag 27. november spelte vi handicapturnering, og vinnarar blei Kåre Aasen - Joleiv Midttveit med 21,6 poeng. Elisabeth Østrem - Tarjei Vangdal blei nummer to med 13,4 poeng og tredje gjekk til Reidar Dale - Carl-Otto Curran med 6,0 poeng.
Denne visninga viser betre korleis det fungerer med handicapturnering. Om ein for eksempel summerer alle spela til Kåre og Joleiv som vann vil dei hamna på 26,3 poeng. Dei har fått - 4,7 poeng "i straff" fordi dei to spelarane til saman har eit handicapsnitt som er noko betre enn gjennomsnittet i turneringa (snittet står øvst og er 31,5 i dette tilfellet). Sluttresultatet deira blir dermed 26,3 - 4,7 = 21,6.
Skal og gå an å få ut liste frå handicapturneringar utan at handicap er medrekna, altså lista slik vi bruker å spela, men det må vi høyra med dei som kan dette godt korleis det skal gjerast.