Måndag 30. november blei siste simultanturnering før jul spelt, og det blei siger til Kåre Solibakke - Leif Juvik lokalt denne gongen. 64,3 % score stoppa dei på, medan Ole og Laila Årland på andreplass fekk 60,8 %. Tredjeplassen denne gongen gjekk til Carl-Otto Curran og Reidar Dale med 60,4 %.
Hugs påmelding til juleturneringa 27. desember; påmelding her. 18 par er påmeldt pr. 30. november. Hugs og Herdla-turen 16. - 17. januar. Pr. no er 14 påmeldt, og vi satsar på å bli minst 16. Påmelding til Anne Merete.
Neste måndag er det MP-treff. Måndagen deretter er det vanleg speling + «Bridge med Bjørn»-julespesial, med gjennomgang av ein del av spela frå MP-treffen.