Siste simultanturnering før påske blei vunne av Kåre Kristiansen - Olav Monstad med 63,5 % score. Per Skotheim - Kåre Solibakke blei nummer to med 62,0 %, og tredjeplass blei det på Anders Johansson - Tor Anders Hauge med 57,8 %.
Resultat på landsbasis blir oppdatert på denne linken etter kvart som dei kjem inn.
Hugs at vi held kurs for ungdom på Os folkebibliotek komande helg. Vi har fire påmeldte jenter i alderen 13 - 17 år. Torhild tar påmeldingar heilt fram til laurdag.
Det blir speling kvar måndag fram til og med 21. mars. Måndag 28. mars er andre påskedag og ingen speling.