Det blei klar siger til Ole Årland og Kåre Kristiansen måndag 14. november. Dei leia frå første til siste runde og scora 68,2 % på kvelden. Andreplassen gjekk til Anders Johansson - Tor Anders Hauge med 62,5 % score og tredje til Bjørn Hauge - Frode Dyrstad med 59,4 %.
Neste måndag blir det landskamp mot Sverige. Svenskane har sagt dei stiller med 1000 par. Det klarer ikkje vi, men vi bør stilla så mange vi kan. Det er og planen å få laga ein film frå landskampen. Korleis filmen blir veit vi ikkje. Det er Os og FusaTV som har spurt om å få koma, så vi får sjå etter kvart korleis det blir. Uansett blir filmen best om så mange som mogleg kjem og speler.