Siste spelekveld før påske blei spelt måndag 21. mars, og det var gjestene frå BAK som stakk av med sigeren denne gongen. Katarina Ekren og Ann-Mari Mirkovic oppnådde 65,9 % og det var akkurat nok til å slå Per Skotheim - Kåre Solibakke som stoppa på 65,1 %. Jørn Rekkum - Tor Anders Hauge blei nummer tre med 61,1 %
Sidan neste måndag er 2. påskedag blir det ingen speling. Første spelekveld over påske blir måndag 4. april. Det blir vanleg speling den kvelden, før det blir landskamp mot Sverige måndagen etter.