Siste veka før jul fekk klubben ei kjempejulegåve frå Gjensidigestiftelsen då det kom svar at dei støttar søknaden vår om midlar til oppstart av juniorklubb. Vi laga tidleg i haust eit prosjekt vi kalla "Oppstart Os juniorbridgeklubb" der vi rekna på kva det ville kosta å gjera juniorklubben til «Noregs mest moderne juniorklubb». Eit budsjett blei laga. Det ligg her. Hovudkostnaden i søknaden er innkjøp av 6 bridge+ more. Dessutan ein del mindre utstyr som kort, meldeboksar ect
Denne veka kom altså svaret at dei støttar oss med heile beløpet!
Tusen takk til Gjensidigestiftelsen. I søknaden har vi sagt at vi reknar med å vera oppe å gå i løpet av ein månad etter at tilsegn om pengar er motteke, så det blir ein travel periode framover no.