Siste spelekveld før sommaren blei spelt måndag 29. mai. Det var lite folk denne gongen, så det blei spelt ein 28-spels lagkamp. På lag Kåre spelte: Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum og Reidar Dale - Kåre Aasen. Lag Torhild bestod av Torhild Rasmussen - Åse Bauge og Bjørn Hauge - Frode Dyrstad. Etter ein jamn første halvrunde seig lag Kåre frå etter pausen og vann til slutt 74-50.
Då er det sommarferie for klubbspelinga. Vi reknar med å starta opp att måndag 14. august. Info kjem over sommarferien.
For dei som ikkje vil venta så lenge med å spela er det rikeleg med moglegheiter. Det blir spelt sommarbridge i Åsatun kvar tysdag gjennom heile sommaren. Påmelding ved frammøte. Spelinga startar kl 18.30 presis, så pass på å vera på plass i god tid før det.
Elles går bridgefestivalen 7. – 13. august, i år i Drammen. All info om festivalen, påmelding til dei ulike turneringane ect. finn du påbridgefestivalen si heimeside.
I forkant av festivalen går juniorleiren. Den går i tida 30. juli – 4. august, også den i Drammen. Så kjenner du nokon som er under 25 år som speler bridge eller har lyst å læra spelet så er juniorleiren eit kjempeflott tilbod. Ta kontakt med Anders eller ein av dei andre i styret om du har interesserte. Klubben dekker påmelding og opphald for alle påmeldingar som går gjennom oss. All info om juniorleiren ligg her.
God sommar til alle, og vel møtt til ny sesong i august!