Spelinga måndag 22. desember bar preg av at det snart er jul. Kun 8 spelarar møtte for å spela, så då blei det ein 24-spels lagkamp som blei spelt.
Laga var samansett slik:
Lag 1: Joleiv Midttveit, Stig Gamlemshaug, Linda Rasmussen og Leif Juvik.
Lag 2: Dag Christensen, Jørn Rekkum, Torhild Rasmussen og Anne Merete Heggland
Kampresultatet blei at lag 1 vann 83 - 49.
Dette var siste ordinære spelekveld på denne sida av årsskiftet, og sidan Eldresenteret er opptatt første måndag i 2015 blir første spelekveld over nyttår måndag 12. januar.
Men årets store høgdepunkt på bridgefronten på Os står no for tur. Juleturneringa søndag 28. desember har pr. måndag kveld 35 påmeldte par. Vi kan ta inntil 36 par, så dei som vil ha siste ledige plassen må vera kjapp på labben. Påmelding og info om turneringa her
Og til slutt: Riktig god jul og godt nytt år til alle, og vel møtt til nye slag ved bridgebordet i det nye året.