Byrjinga av desember er som vanleg tid for MP-treff, og årets utgåve blei spelt måndag 7. desember. Nytt av året er at det medfølger kommentarar til spela, i år av Kristoffer Hegge.
Suverene vinnarar lokalt blei Laila og Ole Årland med 64,2 % score. Elisabeth Østrem - Anders Johansson blei nummer to med 57,0 %, og Jørn Rekkum - Joleiv Midttveit nummer tre med 56,7 %,
Sidan MP-treffet er ope også for klubbar som ikkje bruker Ruter vil det nok ta nokre dagar før endeleg resultat på landsbasis er klart. Men lista blir oppdatert etter kvart som puljane blir registrert.
Komande måndag blir det «Bridge med Bjørn»-julespesial. Utvalde spel frå årets MP-treff vil der bli gjennomgått. Kristoffer Hegges kommentarar til MP-treffen kan lesast i lenka under. Sjå gjerne gjennom desse før neste måndag. Vi startar klokka 18.00
Fortsatt nokre ledige plassar til Herdla-turen 16. - 17. januar. Påmelding til Anne Merete.
Vi speler to måndagar til før jul. Siste spelekveld blir måndag 21. desember. Første spelekveld etter nyttår blir måndag 11. januar (ikkje speling måndag 4. januar).