Spelinga måndag 21. september blei suverent vunne av Olav Monstad - Kåre Solibakke med 72,5 % score. Bjørn Hauge Frode Dyrstad kom på andreplass med 68,3 %, og tredjeplassen gjekk til Anne Merete Heggland - Torhild Rasmussen med 57,5 %
Påmeldingsfristen for NM klubbar (Codan Cup) går ut 4. oktober, så dei som ynskjer å vera med på eit lag må gje beskjed seinast neste måndag. Seriemeisterskapet (4. divisjon) har første spelehelg 14. - 15. november, så det begynner å bli på tide å få laga på plass her og.
Neste «Bridge med Bjørn» går i forkant av spelinga måndag 5. oktober. Tema for kvelden er enno ikkje klart.