I forkant av spelinga måndag 23. november blei det avvikla eit styremøte. Blant sakene som blei handsama her kan nemnast:
1. Juleturneringa 27. desember - i rute. 14 påmeldte par pr. 23. november
2. Herdlaturen 16. - 17. januar - i rute. 12 påmeldte spelarar pr. 23 november. Satsar på å bli 16 deltakarar.
3. Kontigent 2016. Som 2015. Linda ordnar innkreving.
4. Hus vår 2016. OK. Første spelekveld måndag 11. januar (ikkje speling måndag 4. januar). Siste spelekveld før sommaren: måndag 30. mai, truleg med årsmøte. Ikkje speling 2. påskedag og 2. pinsedag.
5. Klubbkamp mot BAK. Anne Merete tar kontakt med Hilde i BAK. Vi foreslår måndagane 18. og 25 april.
6. Klubbmeisterskap for par. Blir spelt over dei tre første måndagane i februar.
7. Kurs våren 2016. NBF har 30 000 i prosjektmidlar til barne- og ungdomsarbeid. Søknadsfristen er 26. november så det må søkast fort. Anne Merete ordnar søknad i løpet av veka. Os BK søker om 5 000 til avvikling av eit kurs/samling for ungdom under 26 år. Mest sannsynleg ei helg i februar 2016. Torhild tar kontakt med den nye ungdomsklubben og høyrer om dei kan vera interessert. Nøyaktig tid/stad kjem over nyttår. Eit oppfriskingskurs for tidlegare kursdeltakarar vil og bli forsøkt halde på nyåret.