Øyvind Henden - Sven-Olai Høyland vann første kveld av klubbkampen
Vinnarar av første kveld av klubbkampen mot BAK blei Øyvind Henden - Sven-Olai Høyland. 71,4 % score oppnådde dei, noko som kan nå eit godt stykke opp på landsbasis då vi også spelte simultanturnering. På andreplass kom Tor og Christian Bakke med 70,6 %, og tredjeplass til Anne Merete Heggland - Leif Juvik med 64,4 %.
Kampen mellom klubbane er ganske tett med ei knapp Os-leiing før siste kveld.
Pokalkampen blir avslutta med returoppgjer på Os komande måndag; 4. mai. Også spelarar som ikkje spelte første kvelden kan spela. Vi startar klokka 18.30. Vel møtt!
Simultanresultat på landsbasis kjem truleg tysdag ettermiddag.Link til dei kjem her.Resultata blir oppdatert etter kvart som dei kjem inn og er truleg endelege i løpet av veka.