Siste klubbkveld i 2015 blei spelt måndag 21. desember, og det blei spelt single-turnering. Ole Høgsve gjekk til tet alt etter første runde, og blei der heile kvelden. 60,9 % score blei det på han. Torhild Rasmussen kneip andreplassen med 57,3 % framfor Bjørn Hauge på tredjeplass med 56,3 %.
Dette var som sagt siste spelekveld i 2015. Sidan Eldresenteret er opptatt måndag 4. januar blir det ikkje speling denne kvelden. Første spelekveld over nyttår blir dermed måndag 11. januar.