Os og Bergen Akademiske BK møttest til Pokalkamp måndagane 27. april og 4. mai. Dette var sjuande året på rad at vi møttest til kamp, og aldri har vel kampen vore jamnare. Første kveld vann Os med ein snittscore på para på 51,67 %. Andre kvelden var BAK best. Snittscore på ospara denne kvelden blei 49,23 %. Det held med eit naudskrik til samanlagtsiger for Os som totalt oppnådde 100,9 % mot BAK 99,1 %.
Etter sju år er dermed stillinga at BAK leier kampen 5-2.
Individuelt var det ingen tvil om kven som var best. Øyvind Henden vann like godt begge kveldane (med forskjellig makker), og vann dermed overlegent. Beste osspelar blei Tor Anders Hauge med tredjeplass.