Per og Hans Victor vann haustens første spelekveld
Første spelekveld denne hausten blei spelt måndag 14. august, og suverene vinnarar blei Per Skotheim - Hans Victor Koch med heftige 71,4 % score. Bjørn Hauge - Frode Dyrstad blei nummer to med 57,1 % og Anne Merete Heggland - Torhild Rasmussen nummer tre med 54,0 %.
Vi speler kvar måndag framover no, til og med måndag 18. desember. Vi har plass til fleire, og kjenner du nokon som vil spela er det berre å ta dei med.