I forkant av siste spelekveld blei det som vanleg avhold årsmøte. Årsberetning blei gjennomgått og godkjent. Rekneskap blei gjort opp med eit underskot på ca 13 000 og godkjent. I tillegg blei juniorklubben sitt rekneskap godkjent og gjort opp med eit overskot på ca 19 000. På punktet om val av spelestad var det eit klart ynskje å halda fram å spela i eldresenteret. Styret forsøker å forhandla ned husleiga. Kveldskontigenten blei auka til kr 70.- pr spelekveld, men med moglegheit å betala for alle kveldane samla to gonger pr. sesong til kroner 60.- pr. kveld.
Etter årsmøtet ser styret slik ut: Leiar Reidar Dale (ny) kasserar: Linda Rasmussen (ikkje på val) styremedlemmer: Joleiv Midttveit (ny 2 år), Wenche Nyborg (attval 2 år) og Leif Juvik (attval 2 år). Revisor Kåre Kristiansen (attval). Valkomite: Bjørn Hauge og Frode Dyrstad (begge attval).