Årets MP-treff blei spelt måndag 3. desember, denne gongen med nytt opplegg. Turneringa blir no spelt som simultanturnering, og ikkje med facit-berekning som tidlegare.
Lite folk til start denne måndagen gjer at det er vanskeleg å seia korleis resultata blir til slutt, men på den lokale lista toppar i alle fall Jørn Rekkum og Dag Christensen framfor Bjørn og Thea Hauge. Torhild Rasmussen og Åse Bauge tok tredjeplassen.