Med 76 % score var det ikkje tvil om kvar sigeren ville gå måndag 29. april. Randi Nyheim og Tor Anders Hauge haddde ein kjempekveld og resten av feltet fekk bare sloss om plassane bak. Thea og Bjørn Hauge tok andreplassen – også dei med god score – 61,5 %. Tredjeplassen gjekk til Frode Dyrstad og Dag Christensen.
Det gjennstår tre spelekveldar før vi tek sommarferie. Vi speler som vanleg måndagane 6. 13. og 27. mai. Måndag 20. mai er 2. pinsedag og ingen speling.
Siste spelekveld blir det og som vanleg årsmøte i forkant av spelinga. Saker til årsmøtet må vera styret i hende seinast måndag 13. mai.