I forkant av spelinga måndag 16. oktober blei det halde styremøte. Her er nokre kjappe stikkord av det som blei tatt opp.
- Juleturneringa. Går laurdag 30. desember i Kløvertun (Sanitetshuset). Start klokka 11.
- Klubbmeisterskap par. Blir spelt over tre måndagar i februar; 5. feb, 12. feb og 19. feb.
- Juleavslutning i klubben: måndag 18. desember. Singleturnering/matservering. Påmelding.
- Driftsmidlar Frifond 2017-2018: Klubben har fått tilsegn om 8436 kroner i Frifondmidlar for inneverande sesong. Midlane må brukast innan 20. juni til lokal aktivitet for ungdom under 25 år. Detaljert informasjon om korleis pengane skal brukast på denne linken. Pengar som ikkje er nytta innan fristen må tilbakebetalast. Styret tek imot gode forslag til korleis vi best bruker pengane med takk.
- Opplegg Herdla 13. - 14. januar. 14 påmeldte pr. no. Tida strakk ikkje til, så diskusjon om opplegg for opphaldet blei utsett til neste møte.