Årets utgåve av Nyttårsturneringa blei spelt søndag 29. desember, denne gongen med rekorddeltaking. 36 par stilte til start, noko som er maks av kva som går inn så lenge turneringa blir spelt i Eldresenteret. Årets turnering måtte stenga for påmeldingar ca ei veke før speledagen, så dei som vil vera med neste år må vera tidleg ute med påmeldinga.
Turneringa denne gongen blei spanande, med vekslande par i leiing utover dagen. Men etter kvart rant det inn skikkeleg godt med poeng for Inge og Atle Kvarven, og dei tok sigeren med god margin.
Kampen om andreplassen blei steinhard. Til slutt var det Tor og Christian Bakke som tok denne, kun 2 tidels poeng framfor Oddmund Midtbø og Mathias Beyer på tredjeplass.
Os BK ynskjer alle spelarar Godt Nytt År, og vel møtt til ny turnering neste år.