Siste klubbkveld i 2018 blei spelt måndag 18. desember. Hausten blei avslutta med ei singleturnering, og det blei eit jamt oppgjer. Til slutt blei det delt siger mellom Tarjei Vangdal og Tor Anders Hauge, begge med + 16. Kåre Aasen kom like bak med +14,9 på tredjeplass.
Pallen ved årets juleavslutning. Frå venstre Kåre Aasen, Tor Anders Hauge og Tarjei Vangdal delvis skjult bak Anders Johansson som stod for premieutdelinga.
Dette var siste spelekveld før jul. Første spelekveld i 2018 blir måndag 8. januar. Men før det har vi sjølvsagt juleturneringa vår 30. desember å sjå fram til. Pr, no er 22 par påmeldt, så det blir nok ei solid juleturnering også i år. Påmeldingsfrist er 28. desember. Her er link med info.
God jul til alle, og vel møtt til nye kortslag i det nye året!