Søndag 30. desember blei årets Nyttårsturnering spelt. 32 par stilte til start denne gongen, noko som må kunna kallast svært så bra.
Det blei svært så tett i toppen denne gongen, og ein korreksjon i siste runde var nok til at det blei ein endringar på toppen. Med kun 8 tidels poeng blei det David Ueland og Arild Rasmussen som vann denne gongen, med fjorårsvinnarane Jan Kristen Lutro og Trond Are Nitter på andreplass. På tredjeplass kom Tor og Christian Bakke.