Det blei ein tøff kamp om sigeren då 2. kveld av klubbmeisterskapet blei spelt måndag 19. november, men etter 24 spel var det Thea og Bjørn Hauge som hadde mest poeng. Dei stoppa på pluss 18, tre poeng meir enn Kåre Kristiansen og Unni Skreslett på andreplass. Reidar Dale og Joleiv Midttviet blei tredje beste par, og mykje skal til for å nekta dei samanlagtsigeren.