Dalanetreffen 2018 blei spelt i Egersund laurdag 3. mars. I tilegg til Anders Johansson - Tor Anders Hauge var Thea Hauge in action saman med John Helge Herland. Og det var sistnemnde par som skulle spela hovudrolla denne gongen. Etter ei turnering der paret kjempa i tetstriden heile vegen var det kun tidelar som skilde før dei tre siste spela. Men Thea og John Helge spelte stødig heilt inn, og vann til slutt turneringa med knapp margin til Eli Solheim - Ivar Anfinsen på andreplass. Vi gratulerer så mykje.