NM junior par 2015 blei spelt 16. - 17. juli. Turneringa gjekk i Tromsø i forbindelse med juniorleiren, og 20 par stilte til start. Thea Hauge spelte saman med Marte Haugen Klingen frå Orkdal BK, og dei kjempa høgt på lista gjennom heile turneringa. Heilt fram til dei siste rundane var dei med å kjempa om bronsemedaljane, men ein tung runde mot vinnarane Christian Bakke og Harald Eide gjorde at det blei sjuandeplass til slutt. Likefult ei finfin plassering i NM, og vi ynskjer lukke til i ungdoms-EM for jentelag som startar søndag.