Måndag 6. februar var det ny simultanturnering. Bjørn Hauge og Frode Dyrstad har vore i siget i det siste, og for tredje spelekveld på rad blei det siger til dei, denne gongen med 62,5 % score. Rune Fagerbakke - Bjarte Haugland blei nummer to med 57,3 % og tredjeplassen gjekk til Elisabeth Over - Anders Johansson med 55,7%.
Neste simultanturnering går måndag 6. mars, men skulle du ha lyst på ei før det er det landskamp mot Sverige tysdag 14. februar. Austevoll BK er mellom deltakarane her. Påmelding Til Rune Fagerbakke.