Dei kom som perler på ei snor dei tre beste para måndag 15. mai. Nummer 1 hadde +19, nummer to + 18 og nummer tre +17 poeng. Carl-Otto Curran - Reidar Dale leia stort sett heile kvelden og toppa og lista etter siste spel. 63,2 % score blei det til slutt. Tor Anders Hauge - Frode Dyrstad blei nummer to med 62,5 % og tredje blei det på Jørn Rekkum - Kåre Kristiansen med 61,8 %.
Hugs at vi neste måndag avviklar årsmøte før spelinga. Vi starter som vanleg kl. 18.30. Vi håper å få lagt ut årsmøtepapira på sida her i løpet av veka så folk før høve til å lesa gjennom før møtet.