Det går mot vår og dermed innspurt på bridgesesongen. Ei rekkje påsketurneringar står på programmet framover, mellom anna Olrudpåsken og Jærpåsken. Sjå turneringsoversikten for innbydingar til dei.
Over påske kjem mai raskt på og dermed både «Bridge i Havgapet» på Austevoll og «Maibridgen» på Rubbestadneset.
Først ut er «Bridge i Havgapet». Turneringa blir i år spelt laurdag 6. mai i Austevollhallen. Turneringa går over 48 spel med inntil 40 par. Påmelding og info om turneringa her.
«Maibridgen» på Rubbestadneset går som vanleg Kr.Himmelfartsdag; i år torsdag 25. mai. Her blir det 54 spel, også der med inntil 40 par. Påmelding og info om turneringa her.
Begge turneringane brukar å samla godt med folk, også frå vår klubb, så det kan løna seg å vera tidleg ute med påmeldingar.