Os BK avvikla årsmøte i forkant av spelinga måndag. 26. mai. Største sak denne gongen var klubbens komande 75-års jubileum, og korleis dette skal markerast. Ei rekke idear blei lufta, utan at noko endeleg vedtak blei gjort. Styret vil ta saka vidare, og forhåpentlegvis ha noko klart tidleg på hausten.
Blant styremedlemene var det kun Olav Monstad som stod på val denne gongen. Han tok attval, og dermed er styret det same komande sesong som det var 2013/14-sesongen. Styret etter årsmøtet ser slik ut:
Leiar: Anne Merete Heggland
Kasserar: Linda Rasmussen
Styremedlemmer: Leif Juvik, Olav Monstad og Reidar Dale