Sigurd og Jim til topps

28.12.2024 17:11

Øsande regn, pøsande regn, men kva gjer vel det. Flotte forhold uansett for juleturnering med 28 par på startstreken denne gongen. Vann gjorde Sigurd Østerbøvik og Jim Høyland.

Den tradisjonsrike juleturneringa vår blei spelt i eldresenteret 28. desember. 28 par deltok, noko som må seiast å vera bra i ei tid der mange turneringar slit med låg oppslutning.

Gledeleg er det òg at ein del av spelarane i juniorklubben no er med. Ingen topplasseringar på dei denne gongen, men det blir det nok etter kvart.

Jim Høyland og Sigurs Østerbøvik var med i tetstriden gjennom heile turneringa, og vann til slutt, ganske klart med Bjarte Midttveit - Ivar Røynstrand på andreplass og Bjørn Hauge - Frode Dyrstad på tredje. For Jim sin del er dette tredje året på rad han toppar turneringa. Dei to føregåande åra har han spelt med Sven-Olai.

Også i år blei turneringa leia med stø hand av Morten Eide, og Nora Rasmussen som kafèstyrar. Takk for god hjelp til dei.

Velkommen tilbake til ny juleturnering neste år!

 Resultatliste frå årets turnering 

 Vinnarane dei siste 25 åra   





Oppdatert 29.12.2024 09:49