NyheterHauge - Hauge - Hauge og Dale
16.03.2015
Overskrifta kunne vore namnet på eit advokatfirma, men gjeld resultata frå simultanturneringa vi spelte måndag 16. mars. Før siste runde leia Tor Anders Hauge - Reidar Dale med eit poeng på Thea og Bjørn Hauge. Dei to para møttes i siste runde, og det var klart at paret som stakk av med plussen på sisterunden ville vinna kvelden. Men når det blei uavgjort 0-0, blei det som det var, Tor Anders og Reidar vann kvelden med eit poeng meir enn Thea og Bjørn. Delt tredjeplass denne gongen mellom Elisabeth Over - Wenche Nyborg og Anne Merete Heggland - Torhild Rasmussen. Lokal resultatliste frå simultanturneringa her Resultat på landsbasis kjem i løpet av veka og blir oppdatert her etter kvart som dei blir registrert. Vi speler to måndagar til før det blir påskepause 6. april. Vel møtt! Jubileums-nytt
09.03.2015
Dag, dato og stad for jubileumsfeiringa er no klar. Festen blir på Bjørnefjorden Gjestetun laurdag 24. oktober for alle medlemmer med følge. Det blir 3-retters middag, og om vi får det til blir det og bridgeturnering same stad på dagtid. Meir info kjem. Styret 18 - 17 - 16
09.03.2015
Overskrifta er ikkje karakterar på skihopp, men plusspoenga på dei tre beste para måndag 9. mars. Reidar Dale - Tor Anders Hauge kneip sigeren, med Kåre Kristiansen - Leif Juvik på andreplass og Thea og Bjørn Hauge på tredje. Resultatliste med spelanalysar her Neste måndag er det ny simultanturnering. Dette er sjette simultanturnering vi speler denne sesongen, så dei som har deltatt på alle kan no byrja å stryka resultat på "Veien til Tromsø". Bjørn Hauge ligg pr. no best an av våre med 38. plass. Her er samanlagtlista for "Veien til Tromsø" Vel møtt neste måndag! Thea og Bjørn over 70 %
02.03.2015
Det var kun strøpoeng på deling til resten etter at Thea og Bjørn Hauge hadde forsynt seg av poenghaugen måndag 2. mars. 70,1 % score blei det på dei til slutt, medan Elisabeth Over - Wenche Nyborg på andreplass stoppa på 54,2 %. Kåre Kristiansen - Unni Skreslett blei nummer tre med 53,5 %. Resultatliste med spelanalysar her Vi spelet som vanleg neste måndag før det måndag 16. mars er ny simultanturnering. Vel møtt! Thea og Stig suverene
23.02.2015
Spelinga måndag 23. februar blei vunne av Thea Huage og Stig Gamlemshaug. Vi spelte IMP over feltet, og dei enda på +152, nesten 100 poeng meir enn Bjørn og Tor Anders Hauge på andreplass. Jørn Rekkum - Joleiv Midttveit blei nummer tre med + 23. Fullstendig resultatliste og spelanalysar Vi speler kvar måndag framover unntatt måndag 6. april som er 2. påskedag og spelefri. Vel møtt! Reportasje i Midtsiden
17.02.2015
Under spelekvelden måndag 16. februar hadde vi besøk av nettstaden Midtsiden, og Kari M. Lyssand laga ein kjempefin reportasje. Her kan du lesa saken ho laga. Pokalkamp mot BAK 20. og 27. april
17.02.2015
Datoane for årets Pokalkamp mot Bergen Akademiske er klar. Kampen går i år måndagane 20. og 27. april. Måndag 20. april speler vi på Os, 27. april speler vi hos BAK. Kvelden hos BAK er også simultanturnering. Reidar og Gunnar lokale vinnarar
16.02.2015
Simultan-turnering på programmet måndag 16. februar, og lokale vinnarar denne gongen blei Reidar Fosse - Gunnar Holm med 57,5 % score. Bjørn Hauge - Joleiv Midttveit blei nummer to med 56,3 %, og tredjeplassen gjekk til Linda Rasmussen - Leif Juvik med 55,0 %. Lokale resultat med spelanalysar her Resultatliste på landsbasis blir oppdatert etter kvart som resultata blir registrert hos NBF. Link til dei her Spelinga held fram kvar måndag framover. Vel møtt!
|