NyheterJørn og Joleiv med ei mil
09.02.2015
Spelinga måndag 9. februar blei vunne av Jørn Rekkum og Joleiv Midttveit. Dei hadde 66,7 % score, og hadde rikeleg klaring til Reidar Dale og Tor Anders Hauge på andreplass som stoppa på 59,5 %. Frode Dyrstad - Dag Christensen blei nummer tre med 55,6 %. Resultatliste med spelanalysar her Komande måndag er det ny simultanturnering. Pokalkampen mot Bergen Akademiske ligg an til å bli spelt dei to siste måndagane i april.
Juniorjentene vann klart måndag 2. februar
02.02.2015
Katarina Ekren og Thea Hauge var klare vinnarar måndag 2. februar. Dei var i tet stort sett gjennom heile kvelden og enda på 63,5 % score. Frode Dyrstad og Dag Christensen blei nummer to med 58,9 % og Elisabeth Over - Wenche Nyborg nummer tre med 57,8 %. Resultatliste med spelanalysar her Det blir vanleg speling neste måndag og ny simultanturnering måndagen deretter. Vel møtt! Eit spel frå måndag 26. januar
27.01.2015
Bjørn Hauge fortel her om eit spel måndag 26. januar. Tar gjerne mot fleire: Reidar og Tor Anders framfor Bjørn og Jørn
26.01.2015
Spelinga måndag 26. januar blei vunne med god margin av Reidar Dale og Tor Anders Hauge. 67,5 % score på dei, medan Bjørn Hauge og Jørn Rekkum på andreplass stoppa på 57,6 %. Hakk ihæl på dei kom Frode Dyrstad - Dag Christensen med 57,1 %. Resultatliste med spelanalysar her Om du skulle ha eit fint spel frå klubbspelinga må du berre sei frå så legg vi det ut. Vel møtt neste måndag! Trumfhøyning
21.01.2015
Eit fint motspel frå Tor Anders og Reidar frå spelinga på måndag er lagt til i spelarkivet Frode og Dag på topp måndag 19. januar
19.01.2015
Måndag 19. januar blei årets første simultanturnering spelt, og lokale vinnarar blei Frode Dyrstad - Dag Christensen med 58,3 % score. Torhild Rasmussen - Bjørn Hauge blei nummer to med 53,6 % og Jon Olav Holvik - Kåre Solibakke nummer tre med 52,4 %. Resultat på landsbasis kjem her etter kvart som dei blir registrert. Sluttresultatet er truleg klart i løpet av eit par dagar. Neste simultanturnering går måndag 16. februar. Neste måndag er vanleg spelekveld. Vel møtt! Bjørn og Joleiv beste Ospar i Storturneringen
18.01.2015
Største parturnering på desse kantar av landet, Storturneringen, blei spelt helga 17. - 18. januar. Som vanleg blei det spelt i to grupper, Mester og A. Ingen frå Os stilte i Mestergruppa, men i A var det fleire med. Best resultat oppnådde Joleiv Midttveit - Bjørn Hauge. Etter å ha kjempa i tetstriden gjennom heile turneringa enda det til slutt med ein fin 6. plass. Tor Anders Hauge - Reidar Dale blei nummer 13, og Thea Hauge - Marte Haugen Klingen nummer 32. 75 par deltok i årets Storturnering, 32 i Mester og 43 i A-gruppa. Reidar og Tor Anders tok første stikk
14.01.2015
Reidar Dale og Tor Anders Hauge vann første spelekveld i det nye året. 67,5 % score på dei, medan Dag Christensen - Frode Dyrstad på andreplass enda på 58,7 %. På tredjeplass med 57,9 % kom Linda Rasmussen - Gerd Nøttveit. Litt teknisk trøbbel, litt forsinka og litt forenkla men her er resultatlista. Komande måndag går første simultanturneringa i det nye året. Vel møtt!
|