NyheterInger Marie og Vilhelm vann første kveld KM par
01.02.2016
Første kveld av klubbmeisterskapet for par blei spelt måndag 1. februar, og suverene vinnarar blei Inger Marie Johansen og Vilhelm Berge med 64,2 % score. Nummer to blei Anders Johansson - Tor Anders Hauge med 60,0 %, og tredjeplassen gjekk til Kåre Kristiansen - Olav Monstad med 58,8 %. Resultatliste med spelstensilar Turneringa held fram dei komande to måndagane. Stillinga samanlagt kjem på denne linken Kåre og Olav med god score
25.01.2016
Første simultanturnering dette året blei spelt måndag 25. januar, og Kåre Kristiansen - Olav Monstad vann lokalt med fine 70,0 % score. Det bør gå godt opp på lista på landsbasis og. Nummer to blei Bjørn Hauge - Joleiv Midttveit med 60,4 %, og tredjeplassen gjekk til Inger Marie Johansen - Vilhelm Berge med 59,6 % Lokale resultat og spelstensilar Resultat på landsbasis her. Kåre og Olav best av våre med 6. plass. Hugs at det blir bridge i ungdomsklubben «Ung Lørdag» i gymnastikksalen på Os Barneskule komande laurdag klokka 20.00. Dei neste tre måndagane speler vi klubbmeisterskap for par. Vel møtt! Innbyding Storturneringen
25.01.2016
Årets Storturnering er flytta frå januar til april. Årets utgåve blir spelt helga 16. - 17. april med velkomstturnering fredag 15. Innbyding til turneringa her. Gjer det godt på Grasrotandelen
21.01.2016
Dagens oversikt i Midtsiden viser at Os Bridgeklubb var den niande største Grasrotmottakaren i Os i 2015. Heile 58.418 kroner kom inn gjennom ordninga dette året. Midlane klubben får inn gjennom Grasrotandelen gjer det mellom anna mogleg å gje tilskot til juniorspelarane i klubben til leirar og turneringar i inn- og utland. Heile oversikten over Grasrotmottakarar i Os her Oppskrift på korleis du gjer Os Bridgeklubb til din Grasrotmottakar finn du her Klar siger til Thea og Bjørn
18.01.2016
Thea og Bjørn Hauge vann med god margin spelinga måndag 18. januar. 63,8 % score blei det på dei til slutt, medan Anders Johansson og Tor Anders Hauge på andreplass stoppa på 59,6 %. Tredjeplassen gjekk til Inger Marie Johansen og Vilhelm Berge med 57,1 %. Resultatliste og spelstensilar Neste måndag blir det simultanturnering, før det blir klubbmeisterskap over tre kveldar dei første tre måndagane i februar. Vel møtt! Tøff trekning
18.01.2016
Trekninga for 4. runde NM klubbar blei foretatt måndag 18. januar. Os sitt gjennverande lag i turneringa; Os 3 får god motstand denne gongen då dei skal møta Sunndalsøra BK 1 borte. På Sunndalsøra 1 speler Asbjørn Kindsbekken, Roar Voll, Roger Strømsvåg, Steinar Ekren og Steinar Ovrid. Laget speler 1. divisjon i seriemeisterskapet og ligg der på andreplass etter første helga denne sesongen. Frist for speling av kampane i 4. runde er søndag 21. februar. Flott klubbtur til Herdla
17.01.2016
Tradisjonen tru arrangerte klubben tur til Herdla. I år gjekk turen helga 16. - 17. januar med heile 16 deltakarar. Ny rekord. Det blei ein strålande tur med god mat, god drikke, godt humør og god bridge. Her er eit bilete frå singleturneringa laurdag kveld. Tor Anders som speleførar, Gerd til høgre og Vilhelm som vann turneringa med ryggen til. Alle resultata frå Herdla under "les mer". Os 3 til fjerde runde NM klubbar
15.01.2016
Os 3 er vidare til fjerde runde NM klubbar. Torsdagens kamp mot Samnanger 2 blei vunne 94 - 64, etter at Samnanger leia med eit IMP halvvegs. På Os sitt lag spelte denne gongen Thea Hauge, Anders Johansson, Leif Juvik og Kåre Kristiansen.
|