NyheterTester publisering
29.06.2014
Bare ein test. Juniorjentene trener til VM
08.06.2014
Junior-VM i Tyrkia nærmar seg med stormskritt, og junior-jentene brukte pinsen til samling på Os. Det blei tre dagar med intensiv trening, både teori og praksis. På biletet ser vi frå venstre: Sven-Olai Høyland (lagleiar), Rosaline Barendregt (Coach), Thea Lucia Indrebø, KGB Klyve-Gulset, Sofie Græsholt Sjødal, Nesodden BK, Katarina Ekren, Bergen Akademiske BK, Marte Haugen Klingen, Orkdal BK og Thea Hove Hauge, Os BK. Junior-VM går i tidsrommet 13. - 23. august i Istanbul. Os og Fusaposten laga og sak frå samlinga. Den kan lesast her Uendra styre etter årsmøtet
26.05.2014
Os BK avvikla årsmøte i forkant av spelinga måndag. 26. mai. Største sak denne gongen var klubbens komande 75-års jubileum, og korleis dette skal markerast. Ei rekke idear blei lufta, utan at noko endeleg vedtak blei gjort. Styret vil ta saka vidare, og forhåpentlegvis ha noko klart tidleg på hausten. Blant styremedlemene var det kun Olav Monstad som stod på val denne gongen. Han tok attval, og dermed er styret det same komande sesong som det var 2013/14-sesongen. Styret etter årsmøtet ser slik ut: Leiar: Anne Merete Heggland Kasserar: Linda Rasmussen Styremedlemmer: Leif Juvik, Olav Monstad og Reidar Dale Revisor: Kåre Kristiansen Valkomite: Bjørn Hauge og Frode Dyrstad Reidar Fosse og Gunnar Holm vann måndag 26. mai
26.05.2014
Siste spelekveld før sommaren blei spelt måndag 26. mai. Pga årsmøte før spelinga (sjå sak over) blei det kutta på 21. spel. Suverene vinnarar denne gongen blei Reidar Fosse og Gunnar Holm med 66,7 % score. Andreplassen med 60,7 % gjekk til Inger Marie Johansen - Vilhelm Berge, og tredjeplassen til Tor Anders Hauge - Joleiv Midttveit med 57,7 %. Fullstendig resultatliste med spelanalysar her Første spelekveld over sommaren blir måndag 25. august. Vel møtt då, og god sommar til alle! Linda og Åse vann måndag 19. mai
20.05.2014
Spelinga måndag 19. mai blei vunne av Linda Rasmussen og Åse Bauge med 61,4% score. Andreplassen gjekk til Kåre Kristiansen - Unni Skreslett med 59,3%, og tredjeplassen til Thea og Bjørn Hauge med 58,2%. Fullstendig resultatliste med spelanalysar Neste måndag; 26. mai er siste spelekveld før sommarferien. Vi starter til vanleg tid kl 18.30. Det blir årsmøte først, og deretter speling. Antall spel er avhengig av kor lang tid årsmøtet tek, og vi satsar på å vera ferdig til omtrent vanleg tid. Sakliste for årsmøtet i eiga sak lengre nede på sida. Vel møtt! Thea til junior-VM i Tyrkia
13.05.2014
Norsk Bridgeforbund har no tatt ut laga som skal representera Noreg under sommarens junior-VM i Tyrkia. Noreg stiller denne gongen med tre lag; U25, U20 og jenter U25, og Thea Hauge er tatt ut på det norske jenter U25-laget. Vi gratulerer. Meisterskapet går frå 13. til 23. august i Istanbul, og vi håper det blir dekka godt på BBO. Kven som speler saman under VM er ikkje sagt noko om, men Thea har spel mykje med Marte Haugen Klingen frå Orkdal BK den siste tida, og det er ikkje usansynlig at dei speler saman. Biletet viser Thea og Marte på kjøkenet tidlegare i vår. Årsmøte måndag 26. mai
12.05.2014
Måndag 26. mai blir siste spelekveld denne sesongen, og som vanleg blir det årsmøte i forkant av spelinga denne kvelden. Her er foreløpig sakliste til møtet. Har du saker du ynskjer tatt opp, så gje beskjed til Anne Merete i god tid før møtet. Sakliste årsmøte 26. mai: 1. Årsberetning 2. Rekneskap 3. Rekrutering/trivsel i klubben 4. Os BK 75 år – innspel 5. Val 6. Eventulet Vel møtt! Dag og Leif vann spelinga måndag 12. mai
12.05.2014
Spelinga måndag 12. mai blei vunne av Dag Christensen - Leif Juvik med 69 % score. Andreplassen gjekk til Frode Dyrstad og Tor Anders Hauge med 60 %, og tredje til Thea og Bjørn Hauge med 58,7 %. Fullstendig resultatliste med spelstensilar og analyse Vi speler to måndagar til før vi tar ferie. Siste spelekveld blir det årsmøte i forkant av spelinga. Sjå eiga sak om dette over.
|